Hopp til innhold
X
Innhald

Isak Breidvik

Dalsøyra Landhandel 17.mai 1963. Det er Ivar Kleiva som står på ein stabbestein og held talen for dagen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Dalsøyra Landhandel 17.mai 1963. Det er Ivar Kleiva som står på ein stabbestein og held talen for dagen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Isak Breidvik starta landhandel på Dalsøyra i 1902. Han var også dampskipsekspeditør, og telefonstyrar frå 1904.

Breidvik gjekk konkurs i 1921. Gardbrukarar i bygda slo seg saman og skipa Dalsøyra Handelslag og tok over forretninga etter Breidvik. Frå 1922 leige Ludvik J. Kjellevold forretninga, og kjøpte den i 1933.

I 1962 overlet han forretninga til sonen John L. Kjellevold og ektemaken Gunnlaug, som dreiv til 1968. Då leigde han forretninga til Oddmund Sandnes (sjå Elias Knutson Furubotten). Sidan kom andre leigarar inn, og butikken vart lagt ned tidleg på 1980-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.11.2011