Ivar Hylderaas

Blåbutikken vart lagd ned i 1961. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Ivar Hylderaas (1857 – 1957) frå Voss var omreisande skreppekar. Kring 1894 slo han seg ned på Vassenden og starta landhandel i bygget som seinare er kalla Blåbutikken.(Også i Florø slo fleire skreppekarar frå Voss seg ned som handelsmenn - sjå Flora kommune).
Sonen Knut tok kring 1930 over drifta av denne, medan ein annan son, Gunnar Hylderaas, starta landhandel i Sanddalen i 1926.
Landhandelen på Vassenden vart avvikla i 1961, medan butikken i Sanddalen fekk mykje lengre levetid. Sonen til Gunnar, Ingvald Hylderaas, tok over i 1957 og heldt landhandelen i drift til 2009.

Gunnar Hylderaas landhandel i Sanddalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 17.12.2010