Hopp til innhold
X
Innhald

J. Myrestrand

Forretningsgarden som Myrestrand bygde på 1960-talet og som ei tid husa postkontor. No held m.a. Gjensidige og Sparebanken Sogn og Fjordane til her. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsgarden som Myrestrand bygde på 1960-talet og som ei tid husa postkontor. No held m.a. Gjensidige og Sparebanken Sogn og Fjordane til her. Foto: Ottar Starheim, NRK.

J. Myrestrand var ei vidareføring av Ulf Lem sine anlegg i Måløy. Lem grunnla verksemda i 1882, og då Lem kom i økonomiske vanskar i 1928, kjøpte Jakob A. Myrestrand sjøpakkhusa og dampskipskaia. Seinare overtok sonen Johannes Myrestrand.

Myrestrand bygde på 1960-talet ein stor forretningsgard på øvre sida av Gate 1 der Måløy Postkontor vart hovudleigar. Elles romma bygget forsikringskontor.

Dei siste tiåra har Myrestrand-familien sanert dei gamle bygningane på nedsida av Gate 1 og m.a. brukt den sentrale eigedomen til bensinstasjon.

Bensinstasjonen som er bygd på den tidlegare Ulf Lem-eigedomen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bensinstasjonen som er bygd på den tidlegare Ulf Lem-eigedomen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010