Hopp til innhold
X
Innhald

J. Steenslid AS

J. Steenslid AS vart starta som landhandel i 1907 av Johan Halsteinslid frå Haugen i Eid. Han endra seinare etternamnet til Steenslid.

Han bygde også ut trelasthandel. Sonen Torolf Steenslid tok over på 1950-talet og utvida forretninga på 1960-talet då han kjøpte naboeigedomen til tidlegare Måløy Meieri. Verksemda hadde på det meste 19 tilsette. Stenslid selde byggevareforretninga i 1985, men etter fleire konkursar og eigarskifte vart den lagt ned.

I 1976 starta han Vågsøy Ferdigbetong AS i Vågsvåg. Her er det også pallefabrikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.10.2011