Hopp til innhold
X
Innhald

Janik Hov

Viksdalen Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Viksdalen Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Janik Hov og ektemaken Rognald Hellebust starta i 1880 landhandel på Hellebust i Viksdalen. Sonen Lorentz Hellebust tok over i 1916 og dreiv til 1940, då sonen Leiv L. Hellebust tok over og bygde nytt i 1949. Butikken har på folkemunne vore kalla "Ned med landet". Forretninga dreiv også bensinstasjon. I 1997 overtok eigaren av Rørvikfloten Handel, Signe Råheim Løset, og dreiv butikken vidare under namnet Viksdalen Handel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2010