Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Kvam

Jens Kvam og kona. Foto på gravsteinen. Foto: Ottar Starheim.

Jens Kvam og kona. Foto på gravsteinen. Foto: Ottar Starheim.

Jens Kvam frå Sogndal starta landhandel i Lavik ca. 1890. Han kjøpte garden Kvammen og dreiv butikken der, men flytta seinare til ny butikk ved dampskipskaia.

Etter mange eigarskifte, overtok Einar Raasholm og Johannes Hellebø forretninga i 1920. Frå 1930 dreiv Raasholm butikken åleine. Sonen Gunnar Raasholm tok over etter faren, og då han døydde dreiv ektemaken Inga Raasholm butikken til den vart lagd ned i 1981. I dei åra som Inga dreiv, var først Bjarne Gald og deretter Bjarne Hellebø styrarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.11.2011