Jens Severin Bloch Helmers

I dette området dreiv Jens Severin Bloch Helmers mellom anna sagbruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Jens Severin Bloch Helmers, son av Jens Bloch Helmers på Flora gard, bygde frå 1885 og utover ei stor forretning i området der handelshuset AMFI-senteret (tidl. Snorre Senter) ligg idag.
Han bygde dampdrive sagbruk og høvleri basert på virke som han kjøpte inne i fjordane. Helmers dreiv tønnefabrikk og salteri, og hadde eigne fiskebruk. Han eksporterte m.a. ål, laks og skaldyr til Tyskland.
Då Bloch Helmers døydde berre 43 år gamal i 1904, overtok fisketilverkar Gustav Stavøstrand eigedomane og utvida drifta m.a. med ny, stor kai, Han leigde i tillegg andre sjøbuer i Florø, og hadde eiga saltebu på Tansøy. Stavøstrand dreiv også fiskedampskipet Alden, og med lekter på slep reiste han til Lofoten på fiskeoppkjøp. Klippfisken vart tilverka på berga i Florø. Han brukte også drivgarn etter sild i Nordsjøen.
I 1920 tok Abraham Haave over eigedomane etter Stavøstrand i Florø.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 11.05.2010