Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Myklebust

Spar Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Spar Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johan Myklebust starta bakeri på Byrkjelo i 1919. Han heldt dei første åra til i kjellaren til A. Heimdal som dreiv eit sagbruk ved elva.

I 1924 bygde Myklebust eige forretningsbygg. Brorsonen Torbjørn E. Myklebust tok over i 1936 og bygde nytt forretningsbygg på sørsida av elva. På denne tomta hadde ein bergensar som heitte Harald P. Sandal drive ein mekanisk verkstad på 1930-talet.

Sonen til Torbjørn Myklebust, Jon T. Myklebust, overtok i 1983 og dreiv både bakeri og butikk vidare, sidan 1990-talet som ein daglegvarebutikk i Spar-kjeda under namnet Spar Byrkjelo. Myklebust har m.a. satsa på sal av lokal gardsmat.

I 2013 vart daglegvareforretninga lagd ned, og Coop Vest kjøpte bakeriet og kafeen. Åse og Jon Myklebust heldt fram som tilsette i Coop. Butikken vart bygd om til bakeri/kafé/selskapslokale med namnet Bakar-Jon.

Det første forretningsbygget til Johan Myklebust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det første forretningsbygget til Johan Myklebust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2013