Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Olsen

John Olsen skoforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

John Olsen skoforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johan Olsen var skomakarmeister og starta verkstad i Florø i 1897. Han brukte moderne maskinar i arbeidet, noko som ikkje var vanleg på den tida.

Sonen John Olsen kom med i verksemda under 1. verdskrig. Olsen gjorde det til ein spesialitet å sy fettlærstøvlar som han selde i store mengder til fiskarane langs kysten. I sesongen når etterspurnaden var størst, kunne Olsen ha opptil 12 omreisande skomakarsveinar i arbeid i verkstaden sin.

Sønene til John, Magne og Jostein, tok over skoverkstad og butikk etter faren, men frå 1988 har Magne Solheim-Olsen vore eineeigar. Sonen til Magne, Bengt Solheim-Olsen, tok over som dagleg leiar av skobutikken i 2007.

I 2013 flytta han butikken til Strandgata, der han leiger lokale hjå Hilde Eliassen. (sjå Forretningsfamilien Hjørnevik, Økland og Eliassen).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.09.2013