Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Paulsen

starta i 1901 bakeri i Måløy.

Han bygde etter nokre år stor forretningsgard ved Torget. Seinare overtok sonen Harry Paulsen som dagleg leiar og skipa verksemda om til aksjeselskap. På det meste sysselsette bakeriet seks personar, og var eitt av dei største i Måløy. Bakeriet vart seinare teke over av sonen Torleiv som la ned drifta på 1970-talet og leigde ut lokala til Vågsøy Sparebank (sjå under Bankar og trygdelag i Vågsøy - Nord-Vågsøy Sparebank).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008