Johan Pederson Totland
Johan Pederson Totland frå Bryggja starta i 1880 bakeri på Skram. Han kjøpte seinare fiskebåtane «Hilding» og «Hagbart» som gjorde det godt på kvalfangst og linefiske.
Totland bygde ei stor sjøbu på Skram – ei sjøbu som seinare gjekk under namnet «Belsen». På Skram dreiv han fiskehandel, sal av fiskevegn og kolonialbutikk. Han dreiv også den gamle hurtigrutekaia saman med Ulf Lem. Denne vart leigd ut til firmaet R.J. Nord & Co. Dottera til Johan Pederson Totland, Leonora (Lola), vart gift med ingeniør Ellef Ellefsen, som i 1912 bygde ut slippen Moldøen Mek. Verksted på Skram.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 05.06.2008