Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Lien

Vadheim Servicesenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vadheim Servicesenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Johannes Lien frå Førde starta bilverkstad i Vadheim på 1930-talet. Då landhandlar Chr. Vik måtte stengje bensinpumpa på grunn av omregulering i sentrum, tok Lien over bensinsalet i bygda. Lien bygde eit stort, kombinert verkstad- og bustadhus aust for sentrum.

Sonen Sigvald Lien tok seinare over, men måtte av helsegrunnar selje verksemda til ekteparet Inger Marie Kjos Ullebø og Kåre Kjos i 1969. Dei bygde ny bensinstasjon i 1974 og utvida den på 1990-talet.

I 1999 tok sonen Ole André Kjos Ullebø over drifta av Vadheim Servicesenter AS.

I 2009 gjekk Vadheim Servicesenter AS konkurs, men i 2010 kjøpte Sverre-Benjamin Gallefoss og Harald Jonny Gallefoss bensinstasjonen og førde drifta vidare under namnet Gallefoss Bruk. Dei selde stasjonen vidare i 2013 til Frode Høyvik, og namnet vart då Vadheim Bensin og Service.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.03.2013