Hopp til innhold
X
Innhald

John Johansen Slip & Mek

Johansen Slip og Mek A/S på Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johansen Slip og Mek A/S på Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

John Johansen Slip & Mek på Raudeberg vart starta i 1949 av John Johansen. Slippen ligg like nord for Kapellneset og har heilt sidan starten drive med ombygging, vedlikehald og reparasjon av båtar.

I 1987 vart firmaet omgjort til aksjeselskap med namnet Johansen Slip og Mek A/S, der John Johansen sin son, Isak Arne Johansen, og dagleg leiar Ragnar Sørgård er eigarar. Verksemda hadde i 2007 18 tilsette og ei omsetning på vel 25 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.01.2010