Hopp til innhold
X
Innhald

Johnsens Hotell

Johnsens Hotell til høgre. Til venstre Heradsheim, som framleis står.

Johnsens Hotell til høgre. Til venstre Heradsheim, som framleis står.

Johnsens Hotell i Måløy vart grunnlagt kring 1910 av bakar Anders Johnsen som kom frå Nord-Vågsøy. Johnsen hadde starta bakeriet sitt i 1898.

Johnsens Hotell var nabobygget til rådhuset Heradsheim. Ei tid dreiv svigersonen til Johnsen, ingeniør Per Drage ein privat elektromontør-skule – Måløy Tekniske Aftenskole i hotellbygget.

Då Anders Johnsen døydde, gifta enka Marie seg opp att med Olav L. Lukasson som dreiv bakeri i hotellkjellaren. Seinare vart kjellaren nytta som kinolokale for Per Drage sin privatdrivne kino.

Hotellet brann ned i ein storbrann i Måløy sentrum i 1917. Brannen starta i ”gamlefabrikken” til Firda Canning. Olav L. Lukassen tok no over eit bygg litt lengre nord i Gate 1 etter slaktar O. Henriksen og flytta bakeriet sitt dit. Dette bakeriet vart seinare teke over av Leif Skipenes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.01.2010