Hopp til innhold
X
Innhald

Johny Birkeland Transport AS

Johny Birkeland Transport AS vart starta i 1982 av Johny Birkeland. Firmaet har spesialisert seg på slamtøming. Det opererer både i Sogn og Fjordane og Hordaland og har fleire spesialbilar og anna spesialutstyr for m.a. inspeksjon av røyr. På industriområdet i Sløvåg har firmaet bygt servicebygg.

I 1995 innleia firmaet samarbeid med Miljøservice AS i Stryn. Saman etablerte dei i 2002 morselskapet Septik24 AS. Dette selskapet eig både Miljøservice AS og Johny Birkeland Transport AS. Septik24 AS har dei siste åra kjøpt opp fleire selskap rundt om i landet, slik at dei i 2014 er representert i 140 kommunar. Septik AS har i 2014 ei omsetning på rundt 220 millionar kroner og 130 tilsette.

I 2014 etablerte Johny Birkeland Transport AS ein base i Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.06.2015