Hopp til innhold
X
Innhald

Johs. Hove AS

Johannes og kona Sittona på trappa utanfor butikken. Foto: Vik lokalhistoriske arkiv.

Johannes og kona Sittona på trappa utanfor butikken. Foto: Vik lokalhistoriske arkiv.

Johs. Hove AS landhandel vart starta i Vik i 1920 av Johannes Hove (1887-1960). Forretninga vart aksjeselskap i 1931. Forretninga dreiv m.a. elektrisk installasjon og sal av radioapparat. Johannes var sjølv installatør, og hadde lært seg faget i samband med monteringa av første kraftstasjonen i Vik i 1913.

Johannes Hove bygde i 1930 eit etter måten stort forretningsbygg på Vikøyri på ei tomt som han kjøpte frå Hopstock Hotell. Her dreiv både Hove og hotelleigaren Mons Thorsen (med firma M. & Th. Thorsen) kvar sin landhandel i første høgda. Butikken til Johnsen vart på folkemunne kalla «Johanneskyrkja» på grunn av den spesielle innreiinga med bogar og kvelvingar. Også postkontoret heldt til her 1930-1959.

Forretningsbygget Hove reiste i 1930. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget Hove reiste i 1930. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kafé og folkebad

I andre høgda dreiv Hove «Gimle Herbyrge og Kafe». Kafeen vart driven til 1960. I kjellaren bygde Hove «Vik Folkebad -Karbad og Styrt», der det kosta ei krone å få lauga seg (sjå elles om tilsvarande «folkebad» på Byrkjelo og i Førde - Badehuset ved Langebrua).

Hove-bygget har elles gjennom tida også husa tannlegekontor, frisør, fargehandel, blomsterbutikk, innreiingsbutikk og TV-forretningar. Forretninga Johs. Hove AS vart overteken av slektningen Reidar Hove og avvikla i 1995.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2011