Hopp til innhold
X
Innhald

Jølster Bil AS

Jølster Bil på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jølster Bil på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jølster Bil AS vart starta i Årdal i 1990 av Nils Huus då han overtok lokala der Johannes Aardal (sjå Andreas B. Aardal) tidlegare hadde drive verkstad og bensinstasjon.

I 1999 vart bilverkstaden flytta til Skei der den overtok det tidlegare anlegget til Felleskjøpet like ved skysstasjonen.

Jølster Bil har kring fem tilsette. Noverande hovudaksjonær og dagleg leiar Eyvind Årdal har vore medeigar sidan 2003.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.11.2009