Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedalsbredens Hotel

Dei første åra heitte turiststasjonen Jostedalsbredens Hotel. Dette biletet vart teke i 1938. Foto: Dr.W.Evers Geografhisches Institut © Fylkesarkivet.

Dei første åra heitte turiststasjonen Jostedalsbredens Hotel. Dette biletet vart teke i 1938. Foto: Dr.W.Evers Geografhisches Institut © Fylkesarkivet.

Jostedalsbredens Turisthotell på Elvekrok i Jostedalen vart bygt i 1921. Bak hotellet sto m.a. hotelleigar på Hofslund i Sogndal, Peder J. Næss.

Hotellet hadde i starten 34 senger frå starten, men gjekk konkurs kring 1940.

Vart turiststasjon

Haakon Elvekrok frå Jostedalen og Nils Optun frå Fortun tok over eigedomen etter 2. verdskrig og skifta namn til Jostedalsbredens Turiststasjon. Dei dreiv til 1965.

Turiststasjonen i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Turiststasjonen i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.03.2011