Jostedalsbredens hotell

Dei første åra heitte turiststasjonen Jostedalsbredens Hotel. Dette biletet vart teke i 1938. Foto: Dr.W.Evers Geografhisches Institut © Fylkesarkivet.
Jostedalsbredens Turisthotell på Elvekrok i Jostedalen vart bygt i 1921. Bak hotellet sto m.a. hotelleigar på Hofslund i Sogndal, Peder J. Næss.
Hotellet hadde i starten 34 senger frå starten, men gjekk konkurs kring 1940.
Vart turiststasjon
Haakon Elvekrok frå Jostedalen og Nils Optun frå Fortun tok over eigedomen etter 2. verdskrig og skifta namn til Jostedalsbreens Turiststasjon. Dei dreiv til 1965.

Turiststasjonen i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 22.03.2011