Kåre Holvik

Byggmakker i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kåre Holvik starta i 1947 med kommisjonshandel av byggevarer i Måløy. saman med Arthur Kvalheim . Etter ei tid trekte Kvalheim seg ut, og Holvik starta seinare også fargehandel.
Kring 1980 flytta målarforretninga inn i dei tidlegare Måløy Privatbank-lokala i «Framsteg», huset som vart bygd av den konkursråka Ulvesund Kreditbank. Kåre Holvik kjøpte «Framsteg» i 1982. Firmaet hadde trelastlageret på Seternes og seinare på Kulen.
Sonen Arild Holvik tok over som dagleg leiar i 1982, og seinare gjekk også broren Leif Kåre inn i forretningsdrifta. I 1997 bygde firmaet eit 3500 kvadratmeter stort byggevarehus på det nye industriområdet i Deknepollen. Firmaet var medlem i Byggmakker- kjeden fram til 2012, då det gjekk over til XL-Bygg og fekk namnet XL-Bygg Måløy.
Planar om stort kjøpesenter
I 1977 vart kjøpmann Kåre Holvik styreformann i det nyskipa selskapet A/S Måløy Butikkdrift som hadde planar om å byggje eit stort kjøpesenter på ei tomt som Holvik eigde på fastlandssida. Eit oslofirma som heitte Shipping & Finance og grossistfirmaet Migrofa var med på planane om eit kjøpesenter på 8400 kvadratmeter. Berre daglegvareforretninga åleine skulle dekkje 2000 kvadratmeter og ville i tilfelle verte den største på Vestlandet.
Men etter sterke protestar frå handelsstanden i heile Nordfjord vart planane avviste av regjeringa etter tilråding frå Distriktenes Utbyggingsfond. Det same skjedde med selskapet Tennebø Forretningssenter som nokre andre kjøpmenn i Måløy saman med Køff Engros A/S som eit mottrekk ville byggje på Tennebø. Grunngjevinga frå styresmaktene var at slike store senter kunne slå beina unna eksisterande butikkar i regionen.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 13.01.2012