Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre Sandvik

Buda As Joker og Statoilstasjonen på Folven. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Buda As Joker og Statoilstasjonen på Folven. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kåre Sandvik starta bilverkstad med bensinstasjon på Folven i Oppstryn i 1968. Anlegget vart øydelagt av brann i 1979. Men m.a. med hjelp frå Statkraftverka, som då gjekk med store planar om kraftutbygging i Oppstryn, fekk ein i gang att bensinstasjonen. Også Thor Tenden Transport hadde interesser i drifta i desse åra.

I 1985 overtok Anton Egge og dreiv butikken. I 1990 overtok eit folkeaksjeselskap drifta under firmanamnet Buda AS. Margaret Erdal dreiv i nokre år butikken før ekteparet Gunn Sørum og Alf Birger Olsen tok over frå 2004. Dei har sidan drive Buda AS Joker-butikken og styrt Statoil-stasjonen i Hjelledalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2010