Karen Sjaastad
Karen Sjaastad starta manufakturforretning i Måløy tidleg på 1930-talet. Butikken låg i eit forretningslokale eigd av Moldøen Canning og vart seinare overteken av Herborg Nord. Dotter til Herborg, Ingrid Flåten dreiv butikken til 1982.
Også Marie Sundgot dreiv manufakturforretning i ”Brunsvikhuset” i nokre år etter 2. verdskrig.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 09.03.2010