Hopp til innhold
X
Innhald

Karl E. Birknes

Butikken til Birknes og dampskipskaia på Byrknes. Butikkdrifta vart lagd ned i 1974. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Butikken til Birknes og dampskipskaia på Byrknes. Butikkdrifta vart lagd ned i 1974. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Karl E. Birknes starta landhandel med bakeri på Byrknes i 1895. Han fekk dampskipsekspedisjonen i 1898 og bygde kai i 1902. Båtane som trafikkerte Byrknes kom frå rutelaga i Nordhordland - sjå: Ferdsla på fjorden og i kystleia ved Gulen.

Birknes kjøpte også opp tare, og dreiv handelen til han døydde i 1940. Då tok sonen Tarald Birknes over og dreiv saman med etterkomarane sine til 1974. Karl E. Birknes var bror til Martin E. Birknes, som starta: Hermetikkfabrikken på Byrknes i 1922.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.07.2010