Hopp til innhold
X
Innhald

Kaupanger Tre AS

Jatak, tidlegare Kaupanger Tre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jatak, tidlegare Kaupanger Tre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger Tre AS takstolfabrikk vart starta i Kaupanger i 1985 av Odd Tufte og Johnny Tverberg. Dei første åra heldt fabrikken til i løa på Kaupanger Hovedgård.

I 1990 tok verksemda i bruk eigne produksjonslokale på Kaupangerskogen.

Jatak AS

I 2006 skipa Tufte og Tverberg den landsomfemnande kjeda Jatak AS, og verksemda skifta namn til Jatak Kaupanger. Kjeda Jatak AS blir leia frå Råde i Østfold.

Produktspekteret er utvida til å omfatte alt av berande element i eit hus.

I 2007 sysselsette Jatak Kaupanger 33 personar og hadde ei omsetning på 45 millionar kroner. I 2010 var talet på tilsette 40.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.10.2011