Hopp til innhold
X
Innhald

Kinn Sildolje-, Kraftfoder- og Guanofabrikk

Kinn Sildolje-, Kraftfoder- og Guanofabrikk i Årebrot nord for Florø, vart grunnlagt i 1911 av Johan Larsen. Larsen hadde tidlegare drive fargeri på Årebrot. Han starta med fiskemjøl, men måtte gje seg før han kom i gang med sildoljeproduksjon.

I 1933 kjøpte Bergens-advokaten Brønlund-Iversen eigedomen, men selde i 1939 vidare til Måløy-mannen Johan Gotteberg, som flytta maskinene over til fabrikkane sine i Måløy. Men litt av maskinene hamna på Barekstad, der Georg Gregoriussen starta ein liten sildoljefabrikk då øya fekk elektrisk straum i 1956.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.06.2008