Hopp til innhold
X
Innhald

Kirkevolds Hotel

Kirkevolds Hotel med Borgund-kyrkjene til venstre. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Kirkevolds Hotel med Borgund-kyrkjene til venstre. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Kirkevolds Hotel vart bygt av Ola Håkonson Kirkevoll like ved Borgund stavkyrkje kring 1916. Men lenge før dette hadde reisande vorte tekne imot for bevertning og husrom i gardshusa på Kyrkjevoll. Det same hadde i lang tid også vore tilfelle på garden Berge litt lengre aust i bygda.

Hotellet fekk seinare namnet Borgunds Hotell, og vart kjøpt av Kristen Håkonsson Eri (1851-1919), som hadde gjort pengar på gullgraving i Alaska. Ein tilsvarande "kapitalbase" frå vellukka gullgraving hadde ein mann i Stryn, Lars Kolbeinsson Bødal, då han bygde Mindresunde Hotell (sjå dette – Stryn kommune).

Etter nokre eigarskifte vart Borgunds Hotell tidleg på 1950-talet selt til polakken Herbert Klatt. Like etter brann hotellet ned, og det vart ikkje bygt opp att.

Nærleiken til stavkyrkja gjorde at hotelleigarane på Kyrkjevoll i lang tid hadde arbeidet som omvisarar i Borgund stavkyrkje.

Kirkevolds Hotel skifta namn til Borgunds Hotel. Foto: Normann. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Kirkevolds Hotel skifta namn til Borgunds Hotel. Foto: Normann. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.05.2011