Hopp til innhold
X
Innhald

Klebersteinsbrota ved Hafslo

Portalane i Dale kyrkje skal kome frå Klebereggi. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Portalane i Dale kyrkje skal kome frå Klebereggi. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nordaust for stølen Dalen som høyrer til Indre Hafslo, ligg Kleberseggi. Her var det i eldgamle tider eit stort klebersteinsbrot - eit av dei få kjende i Sogn og Fjordane.

Sjå også klebersteinsbrot under: Industri og næring i Hyllestad. Ved Kleberseggi finn ein steinen i tre ulike brot.

Det vert hevda at dei uvanleg flotte klebersteinsportalane i Dale kyrkje i Luster frå 1200-talet skal vere laga av steinemne brotne i Kleberseggi. Også i den gamle kyrkja som stod på Fet i indre Hafslo var det nytta kleberstein.

Klebersteinbrot i Jostedalen

Elles var det m.a. kleberbrot i «Kleberhola» nær Vamberg i Jostedalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.03.2011