Hopp til innhold
X
Innhald

Knut R. Grodås

Butikken som Knut R. Grodås starta i 1954 er no Spar-butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Butikken som Knut R. Grodås starta i 1954 er no Spar-butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Knut R. Grodås starta i 1954 butikk på Grodås. Knut var utdanna skreddar og dreiv ei tid berre med klesbutikk før han la om til vanleg landhandel og daglegvarer. Dagens forretningsbygg er bygt ut i fleire etappar.

Sonen til Knut, Gunnar Grodås, tok over forretninga i 2001 og utvida og moderniserte i 2003. Daglegvareforretninga er tilslutta Norgesgruppen og er Spar-butikk med namnet Spar Hornindal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2012