Hopp til innhold
X
Innhald

Kokksøylaks

Kokksøylaks vart starta i 1975 av Hilmar Kråkenes på Kokksøy nord for Byrknes. Sønene Roald og Gjermund Kråkenes vart seinare medeigarar.

Firmaet vart aksjeselskap og anlegget vart utvida til 12.000 kbm. Kring 1987 selde Hilmar Kråkenes sin eigarlut til Arve og Lyder Mjømen, men i 1989 gjekk selskapet konkurs.

Ove Unneland kjøpte anlegget, selde vidare til Rolf Olsen Havbruk AS på Askøy, som seinare selde til Pan Fish i år 2000 - sjå: Ove Unneland og Pan Fish.

Les meir om oppdrett i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2008