Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunale industriutleigebygg

Indstriområde ved Grodås. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Indstriområde ved Grodås. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidleg på 1960-talet gjorde den politiske leiinga i Hornindal noko som var uvanleg på den tida: Kommunen gjekk i brodden for å skape nye og alternative arbeidsplassar i den typiske jordbrukskommunen ved bygging av industriutleigebygg på Ytrehorn og i Kirkhornfjæra ved Hornindalsvatnet.

Her kunne kommunen tilby moderne industrilokale til ei rimeleg husleige for nye og eldre verksemder som fann det tenleg å etablere seg i Hornindal. I distrikts-Noreg vart den vesle jordbrukskommunen i Nordfjord eit føredøme for korleis ein på kommunalt nivå kunne utnytte dei nye verkemidla som m.a. skipinga av Distriktenes Utbyggingsfond i 1960 gav med tilskot og lån til næringsutvikling.

I dei komande åra hadde Hornindal stor suksess med å lokke møbel- og tekstilindustrien på Sunnmøre til å knoppskyte med avdelingar i Hornindal.

Misjonsferd mellom sunnmøringar

Ein sentral person i dette arbeidet var tidlegare ordførar Kåre Maurset. Han hadde vore ein sterk motstandar av kommunesamanslåinga med Stryn og Innvik i 1964. Maurset meinte dessutan at honndølene ikkje berre måtte vinne «sjølvstende» som kommune attende, men at dei også måtte arbeide aktivt sjølve for å få til næringsutvikling i heimbygda. Maurset oppsøkte personleg ei mengd industrileiarar på Sunnmøre og inviterte dei til å byggje avdelingar i Hornindal. Og mange røynde industrifolk let seg både overtyde og sjarmere av den ukonvensjonelle framgangsmåten til Kåre Maurset: I løpet av få år var det skapt kring 100 nye arbeidsplassar i dei kommunale industribygga ved Hornindalsvatnet.

Satsa på tradisjonelt handverk først

I det første bygget som stod ferdig i 1962, vart det starta kurs i treskjering og smedarbeid. Desse kursa bygde på gamle handverkstradisjonar i bygda. Vona var at treskjering og smedkunst skulle verte ei lønsam attåtnæring på gardsbruka i Hornindal, og at kursa kunne forsyne eit par treskjerarverksemder som alt fanst i bygda med utdanna handverkarar. Industribygg I stod ferdig i 1966 og gav plass til den nyskipa treskurd-fabrikken Grodås Møbler AS som var eigd av Sandvik & Co. i Ørsta. – sjå Hjellegjerde og Sandvik i Hornindal.

Grobygget, det første industriutleigebygget i Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Grobygget, det første industriutleigebygget i Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvinnearbeidsplassar

I 1967 kunne konfeksjonsfabrikken Grodås Fabrikker A/S, som hadde starta i 1962, ta i bruk Industribygg II. Dette gav kjærkomne arbeidsplassar for kvinner. På det meste arbeidde det kring 60 personar ved denne konfeksjonsverksemda.

Diverre førde billegimport til at det meste av norsk te-ko-industri vart lagd ned frå midten av 1970-talet og utover. Også Gro-fabrikken i Hornindal knekte ryggen, men sleit seg gjennom nokre år med kommunal drift og redusert bemanning før den måtte gje opp i 1988.

Honndølene tok skeia i eigne hender

Etter misnøye med industripolitikken i storkommunen Stryn, tok honndølene sjølve styringa og skipa Hornindal Industrihus AS i 1973. Selskapet bygde eit stort industribygg på Ytrehorn og fekk skipa avdelingar av møbelverksemdene Hanken Industrier AS og Elegante Møbler AS, begge frå Spelkavik.

Her vart det seinare også bygd eit nytt bygg som husa Tekno Fabrikker AS ( sjå Tekno Fabrikker og Ekornes). I 1978 kjøpte Ekornes Fabrikker AS i Sykkylven desse industribygga og skipa Ekornes Grodås AS.

Tekno fekk plass i eit nytt kommunalt industrihus like ved. Ekornes har utvikla seg til den største arbeidsplssen i Hornindal kommune og sysselset i 2005 vel 90 personar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.11.2009