Hopp til innhold
X
Innhald

Kontorsenteret AS

Kontorsenteret AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kontorsenteret AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kontorsenteret AS vart starta av Nils Tore Johnsen i 1973. I 1975 overtok Norleif Bruland firmaet, som i starten dreiv mest med sal og reparasjon av kontormaskinar. Etter kvart har datautstyr og reparasjonar av datamaskinar utgjort brorparten av omsetninga. Kontorsenteret AS har i 2010 ni tilsette og omset for om lag 35 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2010