Hopp til innhold
X
Innhald

Kvalheim & Co.

EMY Fish AS held til i den kvite bygningen midt i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

EMY Fish AS held til i den kvite bygningen midt i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På 1920-talet starta tre gardbrukarsøner frå Nord-Vågsøy det som skulle verte det største fiskemottaket i Måløy på 1960- og 1970-talet: Kvalheim & Co.

Kvalheim & Co vart grunnlagt i 1922 av dei tre unge menn frå bygda Kvalheim: Isak Kvalheim (1892-1957), Johan Kvalheim (1894-1966) og Ulrik Kvalheim (1888-1969). Isak og Johan var brør, og Ulrik Kvalheim var svigerbroren deira. Dei hadde då teke over store fiskebuer etter dei konkursråka Lefdal-selskapa på Sæternes.

Størst i Måløy

På 1950-talet vart anlegget til Kvalheim & Co. bygt ut til det største produksjons- og fryserianlegget for sild og fisk i Måløy. Kvalheim og Co bygde og dreiv anlegget i kompaniskap med A. Osmundsvaag. Det vart også tette familieband mellom Kvalheims- og Osmundsvaag-slekta. Kvalheim & Co. hadde stor isfabrikk som leverte knust is til fiskeflåten. Før dei fekk eigne frysemaskinar ved anlegget i Måløy, skar Kvalheim & Co m.a. is på Hopsvatnet i Hyen. Isblokkene vart då lagra i sagmask i eit stort islager ved bua på Sæternes inntil dei skulle knusast og brukast til fiskekjøling.

Trandamperiet til Kvalheim & Co. i Evja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Trandamperiet til Kvalheim & Co. i Evja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eigen pelsdyrfarm i Vedvik

Kvalheim & Co. hadde i tillegg til fiskebua i Måløy også eigen pelsdyrfarm i Vedvik i Nord-Vågsøy. Ulrik sin son, Kristoffer Kvalheim, stelte m.a. med pelsdyroppdrettet i Vedvik, medan broren Arthur Kvalheim (sjå denne) dreiv sitt eige firma med m.a. stor bunkersstasjon frå Kulen. Arthur var samstundes aksjeeigar i Kvalheim & Co. I bedriftsleiinga i Måløy vart det Isak sin son, Arvid Kvalheim, og Johan sin son, Kjell Kvalheim, som tok seg av leiinga av selskapet; Arvid som disponent og Kjell som produksjonsleiar. Arvid Kvalheim omkom i ei trafikkulukke på Sørlandet på 1970-talet.

Anlegget til Kvalheim & Co. i Bastavika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anlegget til Kvalheim & Co. i Bastavika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidleg ute med fiskeoppdrett

Kvalheim & Co var mellom dei første som satsa på fiskeoppdrett i Sogn og Fjordane: Oppdrettslegget i Bastavika mellom Måløy og Raudeberg vart starta i 1965. I tillegg dreiv dei seinare eit stort anlegg i Vemmelsvik aust for Måløy og eitt på Skivenes i Hyllestad. Etter ei omorganisering bytte firmaet namn til Kvalos AS.

Avvikling og oppdeling

Skrantande økonomi gjorde at Kvalos AS/Kvalheim & Co. vart avvikla på 1980-talet, og den store sjøbua med fryseri og isproduksjon vart kjøpt av Domstein-gruppa. Heile anlegget vart selt vidare til EMY Fish AS i 1993.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2010