Hopp til innhold
X
Innhald

Kvalheim & Rønning bilverksted

Tidlegare Kvalheim & Rønning bilverkstad og Barmen & Lund AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Kvalheim & Rønning bilverkstad og Barmen & Lund AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvalheim & Rønning bilverksted vart starta i Måløy i 1946 av Torleif Rønning og og Andreas O. Kvalheim.

Firmaet bygde nytt verkstadbygg på Sæternes tidleg på 1960-talet, og vart eineforhandlarar av DKW- og Renault-bilar i Sogn og Fjordane i mange år. Dei sysselsette seks personar.

Verkstadanlegget vart seinare overteke av SAAB-forhandlaren Barmen & Lund AS, med Oddmund Barmen som disponent.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.04.2010