Hopp til innhold
X
Innhald

Kvalheim & Vedvik A/S

Kvalheim & Vedvik A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvalheim & Vedvik A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvalheim & Vedvik A/S er eit anlegg for klippfisk- og tørrfiskproduksjon på Kapelleneset på Raudeberg. Det vart grunnlagt i 1928 av Edvard Kvalheim og Daniel Vedvik. Edvard Kvalheim starta også forretning med skipsutstyr og daglegvarehandel i Måløy i 1934.

Sønene Magnus og Bjarne Kvalheim kom med i forretningsdrifta kring 1950. Edvard Kvalheim leia verksemda på Raudeberg fram til 1975. Nils Vedvik gjekk ut av selskapet i 1994, og Bjarne Kvalheim tok då over som eineeigar av klippfiskanlegget. Kvalheim la ned daglegvarebutikken i Måløy på 1970-talet, men dreiv skipsutstyrsdelen saman med Bodvar Vetrhus fram til kring 1990.

Etter at Vågsøy Fiskerimuséum miste lokala sine i Måløy, fekk muséet i 2008 leige lokale i anlegget til Kvalheim & Vedvik AS på Kapellneset.

I 2011 sa Kvalheim & Vedvik opp dei siste klippfiskarbeidarane etter fleire år med liten produksjon og langvarige permitteringar. Tørrfiskproduksjonen vart lagd ned eit par år tidlegare.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.02.2011