Hopp til innhold
X
Innhald

Kvalheim Kraft AS

Vindmøllene på Kvalheimsfjellet sett frå lufta. Til høgre ser vi Kråkenes. Foto: Stig Silden.

Vindmøllene på Kvalheimsfjellet sett frå lufta. Til høgre ser vi Kråkenes. Foto: Stig Silden.

Kvalheim Kraft AS heiter selskapet som har bygt vindmøllepark på Mehuken på Kvalheimsfjellet. Kraftanlegget kosta 30 millionar kroner, og er eigd av Buskerud Kraftproduksjon og Østfold Kraftproduksjon. Vindmøllene ruvar 75 meter over bakken, og vart sette i drift i 2002.

I 2008 fekk Kvalheim Kraft støtte på 93 millionar kroner frå ENOVA til utviding av vindmølleparken med åtte nye møller. Etter utvidinga kan vindmølleparken produsere 65 GWh.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.04.2010