Hopp til innhold
X
Innhald

Kvammes Hotel

Kvammes Hotell heldt til i denne bygningen, som framleis står på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvammes Hotell heldt til i denne bygningen, som framleis står på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Opphaveleg heitte dette hotellet i Øyragata på Lærdalsøyri "Lærdalsørens Hotell", og vart bygt av Knut Anderson Fortun (1833-1888) kring 1880. "Store-Knut" som han vart kalla, dreiv også landhandel.

Sonen Anders Anderson Gjerde overtok hotellet i 1894. Men i 1897 fekk han bruk for pengar og fekk eigaren av Wriedt Bryggeri i Bergen å skrive ut ein panteobligasjon på 15.000 kroner mot at han skulle kjøpe alt øl og mineralvatn frå dette bryggeriet så lenge pantet galdt.

Ein hesteskyss med hotellgjester utanfor Kvammes Hotell.

Ein hesteskyss med hotellgjester utanfor Kvammes Hotell.

Men Anders Anderson makta ikkje å innfri skyldnaden til bryggerieigar Wriedt, som slo han konkurs. Lærdalsørens Hotell vart selt på tvangsauksjon i 1900, og Anders Anderson flytta til Bergen.

Knut Kvamme og onkelen Petter Kvamme overtok, og dei skifta namnet frå Lærdalsørens Hotell til Kvammes Hotell. Heller ikkje dei fekk lønsam drift, og selde difor til Ivar D. Ødegård. Men i 1918 fekk Knut Kvamme leige tilbake hotellet, og han kjøpte det i 1922.

Knut og Brita Kvamme dreiv Kvammes Hotell. Knut kjøpte hotellet i 1922.

Knut og Brita Kvamme dreiv Kvammes Hotell. Knut kjøpte hotellet i 1922.

Kvammes Hotell vart rekvirert av tyskarane under 2. verdskrig slik tilfellet var med Lindstrøm Hotell, og i 1945 vart Kvammes Hotel brukt til internering av arresterte norske nazistar.

Etter krigen miste dei hotelløyvet, men dreiv huset som Kvammes Pensjonat fram til 1979. Huset vart seinare kjøpt av Lærdal kommune som m.a. har brukt det til kontor og leigd ut til kafé, frisørsalong og galleri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011