Hopp til innhold
X
Innhald

Kvern og kraft på Kløvtveit

Vasskrafta vart brukt i kverner fleire stader i Gulen. Dette biletet er frå Takle, der vassbruket er restaurert. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vasskrafta vart brukt i kverner fleire stader i Gulen. Dette biletet er frå Takle, der vassbruket er restaurert. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På garden Kløvtveit ved Austgulefjorden ligg det eit godt fossefall. Her har det frå eldgamle tider vore kvern. Til denne kverna rodde folk heilt frå Solund for å få male korn som dei hadde bytt til seg mot fisk i dei indre Sognebygdene. Kløvtveit-bonden tok oftast mjøl som betaling for arbeidet.

Kverna hadde steinar på 1,3 meter diameter, og var i bruk til 1905. I 1921 kjøpte Sogn og Fjordane fylke dette fossefallet med tanke på kraftutbygging. Det vart inga utbygging, og seinare kjøpte det kommunale kraftlaget vassfallet, men heller ikkje dei bygde det ut.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010