Hopp til innhold
X
Innhald

Ladviks Sparebank for Brekke og Lavik

Det tidlegare bankbygget i Brekke, bygt i 1914. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare bankbygget i Brekke, bygt i 1914. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ladviks Sparebank vart skipa i 1882 etter opptak frå lensmann Lasse Ellingsen med kontor i Brekke.

Men det var spenningar i dåverande Lavik kommune mellom to jamnstore lutar på kvar si side av fjorden. Desse spenningane førte til at kontoret til Sparebanken i 1893 vart flytta til Lavik. Men seinare fekk sørsida overtaket, og i 1901 flytta kontoret tilbake til Brekke. Denne siste flyttinga vekte harme i Lavik-området, og førde til at det vart skipa ei privatbank der - Lavik Privatbank. Denne fekk berre kort levetid.

Namnet blir endra

Då Lavik kommune vart delt i 1904 (sjå: Kommunehistoria i Gulen), vart namnet endra til Brekke og Lavik Sparebank.

Styret i Brekke og Lavik Sparebank på 1930-talet. Framme frå venstre: Isak Tynning, Birger Instefjord, B. O. Hjartholm. Bak: Sjur Haugland og Klaus Takle. Foto: Botolv H. Tynning. Eigar: Endre K. Takle/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Styret i Brekke og Lavik Sparebank på 1930-talet. Framme frå venstre: Isak Tynning, Birger Instefjord, B. O. Hjartholm. Bak: Sjur Haugland og Klaus Takle. Foto: Botolv H. Tynning. Eigar: Endre K. Takle/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1914 bygde banken eige hus i Brekke, der også kommuneadministrasjonen i dåverande Brekke kommune fekk husrom. Her heldt også distriktslege og folkeboksamling til, og dei fleste lag i bygda heldt møta sine der utan å betale husleige.

Sparebanken gjekk inn i Sunnfjord Sparebank i 1975, og frå 1988 i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010