Hopp til innhold
X
Innhald

Lægreid Hotell AS

Lægreid Hotell i Sogndal sentrum starta i 1936 med at Anna og Magnus Lægreid tok til med kafédrift i bustadhuset sitt. I 1939 starta dei Lægreid Pensjonat.

Frå det første påbygget i 1949 vart huset stadig utvida. Eit nabobygg som tidlegare husa Sogns Tidend vart innlemma i pensjonatet. Dottera Alvhild Lægreid tok over pensjonatet i 1959 og dreiv det fram til sonen Atle Lægreid tok over i 1994. Det første bygget i betong vart reist i 1964, og dette har sidan vorte utvida fem gonger.

Lægreid Hotell slik det såg ut på 1960-talet. Foto: Leiv Bergum.

Lægreid Hotell slik det såg ut på 1960-talet. Foto: Leiv Bergum.

Høgskulen leigetakar

Frå 1976 vart den nystarta distriktshøgskulen ein stor leigetakar i Lægreid Hotell. Her var det også at den første nærradioen i Sogn og Fjordane, Radio Gravenstein starta i 1983 (sjå: Aviser og media i Sogndal). Høgskulen flytta over i Fossetunet 3 i 1985.

Frå 1993 til 1996 vart mykje av Lægreid Hotell nytta som hybelbygg for studentar. I 2003 vart heile bygget modernisert. og har 40 rom med 110 senger. Hotellet er ein del av kjeda Best Western og har namnet Best Western Lægreid Hotell.

Lægreid Hotell i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lægreid Hotell i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lægreid-kjellaren

«Lægreid-kjellaren» var ein populær samlingsstad for rockeinteresserte på 1980- og 1990-talet. Her kom både nasjonalt og internasjonalt kjende artistar for å halde konsert.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.10.2011