Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefisket i Gulen

Det var strilane - særleg folk frå Osterfjorden - som var føregangsmenn i notfiske etter laks. Sitjenotfisket skaut fart kring 1830. I Gulen vart mange av dei gode lakserettane leigde bort til strilar på 1800- og 1900-talet.

Sitjenøter

På Sognefjord-sida - tidlegare Brekke kommune - var det lakseverpe/sitjenot i Ytre Oppedal, Apestoda ved Skrikeberget, Brekke, Indre Takle og Ytre Hjartholm.

Oskar Hagen frå Balestrand var ein mann som årvisst mellom 1948 og 1972 fiska med lakseverpe i Ytre Oppedal. Strilane sat i Skrikeberget.

Kilenøter og fiskarlag

I 1957 hadde Gulen 42 kilenøter - dvs. vel tiandeparten av alle kilenøter i Sogn. Sjølaksefiskarar frå Vik til Brekke skipa i 1946 Sogn Laksefiskarlag, som m.a. tok seg av prisforhandlingar med den store laksekjøparen i Bergen, Gjertsen & Co. Lastebåten «Grindheimsfjord» frå Eivindvik var ein kjend oppkjøpsbåt på Sognefjorden mellom 1973 og 1983.

Drivgarn

Også i Gulen var det mange som satsa på drivgarnsfiske etter laks utanfor kysten på 1970- og 1980-talet. Drivgarnfisket vart totalforbode i 1988 som ein lekk i vern av dei norske villaksstammane.

Les meir om: Fiskeri og oppdrett i Gulen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2008