Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Høyanger

Butikklokala til Johan Øren. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Butikklokala til Johan Øren. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bedriftene er ordna kronologisk etter oppstartsår:

Gjestgiveri og handel i Ortnevik

Den første gongen at ein gjestgjevar er omtala i Ortnevik er i 1664 då Madz Hanssen på garden Fitje er omtala som ”borgar og gjestgjevar”.

Ortnevik Nærbutikk AS

- sjå Gjestgiveri og handel i Ortnevik.

Gjestgiveri og tidleg handel på Kyrkjebø

Gjestgiveriet på Kyrkjebø vart opna i 1707 og hadde øl-og brennevinshandel . Anders Olsen var gjestgjevar.

Handelsstaden Værholmen

Frå midt på 1700-talet var Værholmen vest for Lavik ein av dei største handelsstadene i ytre Sogn.

Ingebrigt O. Sortemyr

starta i 1872 landhandel på Svartemyr på sørsida av Fuglsetfjorden. Då han gav seg, vart butikken lagd ned.

Klævoll, der det var landhandel nokre år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Klævoll, der det var landhandel nokre år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lasse G. Klævold

starta landhandel på Klævoll ca. 1873. Ein må gå ut frå at denne handelen vart lagd ned då Vadheim inne i fjordbotnen avløyste Klævoll som kommunikasjonssenter og handelsstad.

Michael Christian Nimb

fekk skøyta på ”kapteinsgarden” i Måren i 1877 og skal ha drive ein liten landhandel der. I 1882, då han vart postopnar i bygda, vert han nemleg titulert som ”handelsmann”.

Måren sett frå sørsida. Her var det ei tid landhandel i Kapteinsgarden, det kvite huset midt nær sjøen på biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måren sett frå sørsida. Her var det ei tid landhandel i Kapteinsgarden, det kvite huset midt nær sjøen på biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Otto Midthun

frå Gulen starta landhandel på Lavik gard ca. 1880. Seinare overtok Andreas Breidvik forretninga, og etter han Olav Kvam, som også var postopnar. Han dreiv til 1940.

B. L. Norevik

Bernt Larsen Norevik starta landhandel i Norevik i 1882 under firmanamnet B.L. Norevik.

Magnus Kirkebø landhandel

Magnus Kirkebø starta i 1885 landhandel på Kyrkjebø, seinare også bakeri.

Jens Kvam

frå Sogndal starta landhandel i Lavik ca. 1890.

Hans A. Bjordal

starta landhandel i Bjordal i 1891.

Endre Trædal landhandel

Endre Trædal starta i 1894 landhandel i Vadheim.

I dette huset frå 1938 var det pensjonat, kafé, landhandel, postkontor og telefonstasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset frå 1938 var det pensjonat, kafé, landhandel, postkontor og telefonstasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Andreas A. Nordeide

starta i 1895 landhandel på Nordeide. Han var også damskipsekspeditør og telefonstyrar. I 1938 stod det noverande forretningsbygget ferdig. Her var det også plass til pensjonat med 30 senger (sjå elles Nordeide som knutepunkt under Båtruter i Høyanger).

Lars Berge

dreiv landhandel frå eit naust i Bergsvika nokre år frå 1890-talet.

Berge Sørbø

starta landhandel på Søreide på 1890-talet.

I.L. Systad

starta i 1898 landhandel i Vadheim.

Christian Vik - ein allsidig forretningsmann

Christian Vik starta i 1900 landhandel i Vadheim.

Einar Bjordal

starta i 1903 landhandel i Bjordal. Han hadde også postopneri, telefonstasjon og damskipsekspedisjonen i bygda.

Lasse Torvund

starta landhandel i Torvund i 1907.

Nils Vattekar

overtok i 1909 landhandelen etter Sjur Hansen (Sjur i Veim). - sjå Sjur i Veim var grunnleggjaren av Vadheim.

Thomas Søreide

starta landhandel på Søreide i 1913.

Jon Søreide landhandel

- sjå Thomas Søreide.

A/S Høyanger Landhandleri

vart starta i 1916 av A/S Høyangsfaldene. Vart nedlagd i 1921, og Høyanger Samvirkelag tok over lokala.

Høyanger Samvirkelag

vart skipa i 1921 etter initiativ frå Høyanger faglege samorganisasjon.

Coop Høyanger

- sjå Høyanger Samvirkelag.

Coop Vest BA

- sjå Høyanger Samvirkelag.

Hjetland & Haaland heldt til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hjetland & Haaland heldt til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hjetland & Haaland ass. landhandel

i Høyanger vart skipa i 1923. I.G. Haaland tok seinare over som eineeigar, og var i tillegg også radioforhandlar.

Johannes Myren

starta i 1924 landhandel i Lavik. Han var ein kjend skinnhandlar i distriktet.

Anders E. Sørevik landhandel

i Ikjefjorden – sjå Johannes Myren.

Lasse Bruaas

starta 1924 landhandel i Lavikdal. Han kombinerte butikkdrifta med gardsdrifta.

Endre Oppedal

starta landhandel i Lavik i 1926.

Tomas Kvammen

starta i 1926 landhandel i Lavik, og bygde også eiga kai og pakkbud.

Ivar T. Kvammen landhandel

i Lavik – sjå Tomas Kvammen.

Tor Bosdal

frå Lavik starta landhandel på Sæbøtangen kring 1930.

Skauge & Bosdal

landhandel - sjå Tor Bosdal.

Ingvald Mjellelid

starta landhandel i Norevik ein gong i mellomkrigstida – truleg på 1930-talet. På slutten av 1940-talet flytta han butikken sin til Aven, og der dreiv han landhandel til slutten av 1960-talet.

Sæbøe-familien

Sigurd Sæbøe starta landhandel og manufakturforretning i Høyanger i 1931.

Vadheim Samvirkelag

vart skipa i 1937.

Coop Marked Vadheim

- sjå Vadheim Samvirkelag.

Atle's Daglegvarer

på Kyrkjebø vart skipa i 1972 av Atle Ljotebø.

Les meir om: Industri og næring i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2012