Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Vik

På Vikøyri har det vore handel i mange hundre år. Dette flyfotoet er teke i 1956. Foto: Telemark Flyselskap.

På Vikøyri har det vore handel i mange hundre år. Dette flyfotoet er teke i 1956. Foto: Telemark Flyselskap.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Dei første gjestgjevar- og handelsstadane i Vik

Frå gamalt av var det livleg handel mellom kyst- og innlandsbygder i Vik: Folk frå Voss - særleg frå Myrkdalen på Vossestrand og Jordalen - handla salt, fisk og sild i Vik. Den første registreringa av handelsmenn i Vik er frå 1659.

Christoffer Parelius Rasmussen

frå Balestrand starta som landhandlar i Vik i 1848. Han vart også postopnar, og dreiv handel til 1882.

Hotell og landhandel i Fresvik

Ola O. Bøthun (1828-1912) starta landhandel i Fresvik kring 1850.

Tycho Jæger

- betre kjend som kunstmålar - starta handel i Feios i 1858. Han dreiv til ca. 1873.

Jens Bøthun

starta landhandel i Fresvik i 1863 og dreiv til 1899. Han hadde også skjenkerett.

Handel og brusfabrikk i Vik

Endre Andersen starta landhandel i Vik i 1866 etter først å ha arbeidd som skomakar. Sonen Anders Andersen tok over fram til 1919, då han gjekk konkurs. Johan Støfringsdal overtok og dreiv saman med broren Olav fram til forretninga brann i 1922.

I dette huset dreiv Bendik Breilid forretning på Vikøyri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv Bendik Breilid forretning på Vikøyri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bendik Breilid

frå Fresvik kjøpte konkursbuet til Støfringsdal i 1925 (sjå ovanfor) og starta landhandel, seinare også bokutsal.

Johan Martin Svendsen

frå Lærdal starta landhandel på Vikøyri i 1868. Då han døydde i 1916, tok sonen Mathias Olai Svendsen over, og dreiv også ei kort tid pensjonat. Frå 1931 dreiv enkja Marta fram til 2. verdskrig.

Viks Forbrugsforening

vart skipa i 1874, og vart driven til forretningsbygget strauk med i brannen i 1922 (sjå Ulukker i Vik).

Fresvik forbrugsforening

vart skipa i 1874. Fresvik handelslag kjøpte buet på auksjon i 1926. og gjekk i 1965 inn i Sogn Samvirkelag, som i 2000 vart ein del av Coop Indre Vestland.

Coop Fresvik nærkjøp

- sjå Fresvik forbruksforening.

Fresvik eigedom AS

- sjå Fresvik forbruksforening.

Nærbutikken i Feios. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nærbutikken i Feios. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Christen Ivarson Offerdal

Christen Ivarson Offerdal dreiv landhandel og gjestgiveri i Feios frå 1875.

D. Dale Eftf.

– sjå Christen Ivarson Offerdal.

Feiosbui AS

– sjå Christen Ivarson Offerdal.

Feios Nærbutikk

– sjå Christen Ivarson Offerdal.

I dette vesle huset dreiv Ole H. Dale landhandel i Arnafjord. Foto frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø.

I dette vesle huset dreiv Ole H. Dale landhandel i Arnafjord. Foto frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø.

Claus Monsen Næse

frå Askvoll starta landhandel på Nese i Arnafjord i 1876. I 1885 tok Steffen Nese og Ole H. Dale over. Dale tok seinare over åleine, og døtrene Sitona og Inga Dale etter han. Butikken var i drift til 1970.

Gjert Nilsen Vikøren

dreiv landhandel i Vik frå 1882 til han emigrerte til USA i 1907.

Nese med butikken i det kvite huset til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nese med butikken i det kvite huset til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Handelsverksemda på Nese

Ole M. Nese starta landhandel på Nese i Arnafjord i 1886. Forretninga vart driven til 1999.

Nese Landhandel

- sjå Handelsverksemda på Nese.

Bjørn A. Hanekam

dreiv landhandel i «Hovlandsbui» på Vangsnes frå 1892 til 1905. Han vart elles kalla for «Potetkongen» fordi han dyrka så mykje poteter på garden sin i Ytre Neset. Bjørn dreiv også butikk i Bergen frå 1906 til 1908 saman med sonen Adolf.

Edvard A. Vikøren

starta landhandel i Vik i 1903. Han starta kring 1925 også «Central Kafé», som på folkemunne fekk namnet «Fyliskaféen». Butikken gjekk konkurs i 1917, medan kafeen vart driven til 1945.

Fylkets første næringsdrivande kvinne

Ingeborg Kristine Havneraas starta i 1905 landhandel på Vangsnes. Dette er truleg det første næringsforetaket starta av ei kvinne i Sogn og Fjordane.

Lars Gjerløw. Ukjend fotograf, eigar Anne Gunn Gjerløw Stadheim.

Lars Gjerløw. Ukjend fotograf, eigar Anne Gunn Gjerløw Stadheim.

Lars Gjerløv

frå Aurland starta landhandel i Vik i 1907 og dreiv den fram til brannen i 1922 (sjå Ulukker i Vik). Han hadde tidlegare vore styrar ved Viks Forbrugsforening og drive eigen butikk i Aurland.

O. P. Fosse

starta i 1904 landhandel på Leikanger, men flytta i 1909 til Vik.

Sjur Midtun

starta landhandel på Vangsnes i 1920.

Johs. Hove AS

Johs. Hove AS, landhandel vart starta i Vik i 1920 av Johannes Hove (1887-1960). Johannes Hove bygde i 1930 eit etter måten stort forretningsbygg på Vikøyri på ei tomt som han kjøpte frå Hopstock Hotell. Her dreiv både Hove og hotelleigaren Mons Thorsen (med firma M. & Th. Thorsen) kvar sin landhandel i første høgda.

Fresvik Handelslag L/L

vart starta i 1920 - sjå Fresvik forbrugsforening.

Anders H. Tenold (Svardalen)

starta landhandel i Vik i 1922, etter å ha vore betjent på Vik Forbruksforening sidan 1896. Firmaet heitte først A.H. Tenold, så Brødrene Thingvoll, og til sist Vik Handelslag.

Johan og kona Anna Liljedahl. Ukjend fotograf. Foto frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø. Eigar: Marie Andersen.

Johan og kona Anna Liljedahl. Ukjend fotograf. Foto frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø. Eigar: Marie Andersen.

Johan Liljedahl

starta landhandel på Vikøyri i 1922. Han dreiv butikken til midt på 1930-talet. I nokre år etter dreiv Dia Helene Gotevik fiskebutikk i lokala etter Liljedahl-butikken.

Anders A. Seim - landhandel

Anders A. Seim starta landhandel i Vik i 1924, etter først å ha vore styrar ved Viks Forbruksforening.

Holstad & Brekke daglegvarehandel

vart starta i Vik i 1925 med Eirik O. Brekke som styrar. Seinare overtok Holstad O.P. Fosses butikk, medan kompanjongen heldt fram under firmanamn E.O. Brekke. Sonen Kjell Brekke tok over i 1968, avvikla daglegvaredelen i 1972 og dreiv vidare med kiosk.

Mons Thorsen - bakeri og daglegvare

Mons Thorsen kjøpte Vangehuset i 1928 og starta vanleg landhandel i første etasje. I 2002 er forretninga inn i RIMI-kjeda.

Vik Daglegvare

- sjå Mons Thorsen - bakeri og daglegvare.

RIMI Vik

- sjå Mons Thorsen - bakeri og daglegvare.

Samvirkelaget på Vikøyri slik det såg ut før bygningen vart vesentleg ombygd. Foto frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø.

Samvirkelaget på Vikøyri slik det såg ut før bygningen vart vesentleg ombygd. Foto frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø.

Vik Samyrkelag

vart starta i 1935. I 1965 overtok Vik Samyrkelag drifta av Framfjorden Samyrkelag (sjå nedanfor).

Coop Vik BA

- sjå Vik Samyrkelag.

Framfjorden Samyrkelag. Foto frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø.

Framfjorden Samyrkelag. Foto frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø.

Framfjorden Samyrkelag

vart skipa i 1936 etter opptak av Johannes Nummedal. Laget vart slege saman med Vik Samyrkelag i 1965, som dreiv S-Nærmat i Framfjorden fram til 2000, då eit bygdeeigd aksjelag - Fjorden Nærbutikk AS tok over.

S-Nærmat i Framfjorden

- sjå Framfjorden Samyrkelag.

Fjorden Nærbutikk

- sjå Framfjorden Samyrkelag.

Fjorden Nærbutikk i Framfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjorden Nærbutikk i Framfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leiv Vikøren

starta landhandel i Indrefjord i 1949, og var også poststyrar og dampskipsekspeditør. Butikken vart lagd ned i 1984.

Peder S. Kvamme

målarbutikk, landhandel og fiskebutikk – sjå Kaffistova.

Alfred Skeide

daglegvarebutikk – sjå Kaffistova.

Vik Daglegvaresenter

vart starta i 1963 av Alfred Skeie i lokale frå tidlegare Kafé Sjøheim.

Sogn Samvirkelag

opna filial i Fresvik i 1968. Den gjekk i 2000 med i storsamanslutninga COOP Indre Vestland (sjå Landhandlar i Årdal).

Olav Salbu

dreiv frå 1978 til 1988 fiskebil og kjøt- og fiskeforretning med daglegvarer i Vik.

Krambui

vart starta i Vik i 1993 av Rune Målsnes, som sidan 1984 hadde drive elektrisk forretning i bygda. El-forretninga vart avvikla 1996.

Nærmat Vangsnes

I 1997 nyopna Edvard Vangsnes si svigerdotter Kirsten Vangsnes butikk under namnet Nærmat Vangsnes - sjå Butikk og pensjonat på Vangsnes.

Sognefjord Gjestehus og Nærmat Vangsnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sognefjord Gjestehus og Nærmat Vangsnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2011