Hopp til innhold
X
Innhald

Langebruvegen 19 AS

Langebruvegen 19 i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Langebruvegen 19 i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Langebruvegen 19 AS er eit eigedomsselskap som vart skipa i Førde i 2005 av Dag Jøran Hjelmeland, Ole Johnny Øen og Tor Åge Vefring.

Dei tre driv også firmaet Norsk Havfisk AS som driv med kjøp og sal av laks og kvitfisk. Norsk Havfisk starta i det nedlagde Eggsentral-bygget på industrifeltet Reset i 1997.

Dei same personane har og starta Efinor Gruppen AS, som driv med eigedom, jobbhotell og reiseliv.

Selskapet eig m.a. eigedomar i Førde, Florø, Alta og Sandane, og mellom desse er Efinor hotell i Florø og og butikkdelen i Sandane Senter.

Norsk Havfisk på Reset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Havfisk på Reset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.12.2010