Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Berge

På dette biletet av vegen Høyanger-Nordeide ser vi Berge-gardane oppe til venstre og Bergsvika, der det var landhandel, nedanfor. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette biletet av vegen Høyanger-Nordeide ser vi Berge-gardane oppe til venstre og Bergsvika, der det var landhandel, nedanfor. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lars Berge var dampskipsekspeditør i Bergsvika ved Høyangsfjorden frå 1890-talet og truleg til litt over hundreårsskiftet. Han dreiv også ein liten landhandel i eit stort naust. I Bergsvika var det inga kai. Rutebåtane vart difor borda ute på fjorden. Då det kom handel i nabogrenda Nordeide, vart stoppestaden for dampskipa flytta dit kring 1905, og truleg vart handelen i Bergsvika lagd ned på same tid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2009