Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Midtgård & Søn

Lars Midtgård.

Lars Midtgård.

Lars Midtgård emigrerte som 14-åring til USA i 1890 og slo seg opp som farmar og entreprenør i Wisconsin.

Frå 1903 tok han del i forretningslivet i heimbygda Måløy då han vart medeigar i fiskedampskipet «Kveldulf» saman med Lars P. Lefdal, Lars Solheim og Karl Strømmen frå Rugsund. I 1914 vende han heim frå USA og arbeidde som engelsk-tolk i Tollvesenet i Måløy under 1. verdskrig. Etter krigen starta han slakteri og bygde sjøbu. Ved Gate 1 på Midtgård bygde han kombinert slaktarbutikk og privatbustad. Like før 2. verdskrig vart sønene Sivert (fødd 1916), Artur (fødd 1913) og Leif (fødd 1920) tekne inn som kompanjongar i firmaet. Leif tok meisterbrev som pølsemakar og firmaet utvida slakteriet pølsefabrikken.

Midtgaard på sildefiske ved Kinn på 1950-talet. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Midtgaard på sildefiske ved Kinn på 1950-talet. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I dei store sildeåra på 1950-talet satsa Midtgård-firmaet stort på fiskebåtar, og dreiv på det meste fire båtar: «Midtgaard», «Selfisk», «Isø» og «Heimen». Seinare eigde firmaet fiskebåtane «Lyn» og «Granton».

Leif Midtgård (1920-2006), som var dagleg leiar, flytta til Oslo i 1975, og både butikk og anna verksemd i firmaet vart avvikla i løpet av 1970-talet. Sjøeigedomane på Skram vart på 1997 brukte som ein del av tufta til det nye handelshuset Måløy Brygge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.04.2010