Hopp til innhold
X
Innhald

Lavik Hotell

Lavik Fjord Hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lavik Fjord Hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lavik Hotell vart bygt ca. 1890 av Karl Kvammen. Dottera Marie Hellebø tok over drifta, og hotellet var i hennar slekt fram til 1985. Etter eit par eigarskifte, overtok Per Sverre Kvammen og andre slektningar hotellet i 1995.

I 2004 vart hotellet overteke av Trijnie Cupido og Laurens Brock og bytte namn til Lavik Fjord Hotel.

Lavik Fjord Hotel har 20 senger. I 2006 overtok dei også drifta av Mosemyra Camping like ved. Campingplassen har 11 hytter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.08.2010