Hopp til innhold
X
Innhald

Lefdals fiskeriselskap

På dette fotoet frå ca. 1905 ser vi bua til Ole Kr. Lefdal litt til høgre for midten.

På dette fotoet frå ca. 1905 ser vi bua til Ole Kr. Lefdal litt til høgre for midten.

Lefdals Fiskeriselskap var eitt av pionèrselskapa i overgangen frå segl til motordrift i fiskeflåten i Sogn og Fjordane.

Grunnleggjaren var Ole Kr. Lefdal frå Lefdalsbygda aust for Bryggja. Saman med seg hadde han sambygdingen Lars P. Lefdal og Anders Nore og Jetmund Maurstad frå Bryggja. Både Ole Kr. Lefdal og Lars P.Lefdal, som seinare tok over leiinga, var bondegutar frå den vesle bygda Lefdal aust for Bryggja.

I 1899 kjøpte Lefdals Fiskeriselskap fiskedampskipet D/S ”Egil” og starta havfiske på Storegga og andre havbankar. ”Egil” var 75 fot lang og gjorde 8,5 mils fart. Eit par år seinare kjøpte dei også fiskedampskipet ”Skallagrim”. Ole Kr. Lefdal dreiv i tillegg fiskedampskipet ”Torolv” åleine ei tid. Han var også ein sentral person i Kjøllesdals Fiskeriselskab som like etter 1900 kjøpte fiskedampskipet ”Skjold”.

L.P. Lefdal tok over

Lefdals Fiskeriselskap vart oppløyst i 1911, og L.P. Lefdal - Lars P. Lefdal - overtok sjøbua som fiskeriselskapet hadde bygd på Sæternes i 1899. Denne buda leigde han i 1922 til Kvalheim & Co. som kjøpte den i 1929. Også Kjøllesdals Fiskeriselskap vart oppløyst i 1911 og eigedomane overtekne av L.P. Lefdal. Han selde sjøbua til dette selskapet vidare til Andreas O. Osmundsvaag (sjå denne). I 1922 bygde L.P. Lefdal Måløy Saltlager på Gotteberg - det som seinare vart kjent som Måløy Kjølelager. L.P. Lefdal gjekk konkurs i 1928 . Ein butikk som han dreiv i Måløy, vart teken over av Hallvard Sindre frå Markane som selde den vidare til målar Alf Rødeggen i 1932. Måløy Kjølelager på Gotteberg vart teke over av Måløy Hamnestyre som i 1957 bygde ny hurtigrutekai like ved. Måløy Kjølelager ved hurtigrutekaia var i bruk langt inn på 1970-talet. Det vart rive i 1978 for å gje plass til utviding av Inter-Com-Terminalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.02.2010