Leikanger Fruktlager

Leikanger Fruktlager har skifta namn til Sognefrukt AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Norske bønder skipa samvirkeorganisasjonen Gartnerhallen i 1930. Frå 1952 bygde dei og lokale fruktdyrkarar ei mengd fruktlager med kjølerom kringom i Sogn. Leikanger Fruktlager vart bygt i 1960 og vart eit av dei største. Frå 1961 vart Gartnerhallen sin frukttransport frå Sogn til Austlandet organisert gjennom Sogn Transportsentral.
Leikanger Fruktlager har seinare skifta namn til Sognefrukt AS.
Les meir i artikkelen Fruktbygda Leikanger.

Også på Hermansverk er det fruktlager, Bama Hermansverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 09.08.2011