Hopp til innhold
X
Innhald

Leikanger Handelsforening

Etter at Brun-tida var ute på Hanehaug i 1893, tok eit bygdeeigd aksjelag - Leikanger Handelsforening - over eigedomane og dreiv forretninga der i nokre år fram til Knut Jordal kjøpte alle eigedomane og starta handel kring 1900.

Leikanger Handelsforening bygde i den tida dei dreiv eit stort hus som framleis (år 2002) ligg ved kaia, og som i nyare tid er kjent som huset til familien Høyum, som Andreas Høyum, bror til Sigurd Høyum kjøpte. Leikanger Handelsforening skaffa i den tida det eksisterte også tomt til Leikanger Meieri, som vart bygt like ved kaia på Hanehaug i 1892 og var i drift i 15 år.

Les meir om: Gjestgiveri og handel på Hanehaug.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.06.2008