Hopp til innhold
X
Innhald

Lerum-konsernet

Lerum-anlegget på Kaupangerskogen stod klart i 1995. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lerum-anlegget på Kaupangerskogen stod klart i 1995. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lerum-konsernet i Sogndal er ein av dei største produsentane av saft, syltetøy og leskedrikkar i Noreg, og er den største industriarbeidsplassen i Sogndal kommune.

Anlegga i Sogndal sysselset i 2003 190 personar i Lerum Fabrikker og 22 personar i Lerum Konserves.

Den første Lerum-fabrikken i Sogndalsfjøra. Eigar av foto: Lerum Fabrikker As.

Lerum starta verksemda si på Sørheim i Luster, og flytta i 1919 til Sogndal. Frå 1982 til 1991 dreiv også Lerum ein stor produksjon av syltetøy på Hermansverk, der dei tok over det konkursråka Bergensmeieriet og Lerum inn i Drægni.

Den første Lerum-fabrikken i Sogndalsfjøra. Eigar av foto: Lerum Fabrikker As.

Den første Lerum-fabrikken i Sogndalsfjøra. Eigar av foto: Lerum Fabrikker As.

N. H. Lerums Saftfabrikk A/S

På same vis som med konservespionéren Halvard Drægni, starta også Lerum verksemda si i Luster. Men i 1919 flytta Lerum produksjonen til Sogndal og skipa A/S N. H. Lerums Saftfabrikk med grunnleggjaren Nils H. Lerum som hovudaksjonær.

L/L Sognesaft

Fabrikken i Sogndal vart utvida med eit nybygg. I 1974 kjøpte Lerum eigedomane til den nedlagde Sognefjordens Uldvarefabrik og bygde dei om til ein stor konservesfabrikk. Denne vart gjort til eige selskap under namnet L/L Sognesaft.

Lerum-fabrikken i Sogndalsfjøra, bygd i 1974. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lerum-fabrikken i Sogndalsfjøra, bygd i 1974. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lerum overtek på Hermansverk

I 1982 gjekk Bergens & Drægni Produkter AS på Hermansverk konkurs, og Lerums Saftfabrikk kjøpte anlegget for 3,2 millionar kroner. Selskapet fekk avtale med Pepsi.

Problemår og deling av verksemda

Men samarbeidet med Pepsi gjekk ikkje problemfritt. Mykje på grunn av denne samarbeidsavtalen gjekk Lerum med eit underskot på 2,1 millionar kroner i 1980. Også syltetøyproduksjonen svikta. Problema gjorde at Lerum no delte opp verksemda i fleire selskap.

I 1993 fekk Lerum prisen som beste Pepsi-tapperiet. Ikkje lenge etter miste Lerum Pepsi-tappinga.

I 1993 fekk Lerum prisen som beste Pepsi-tapperiet. Ikkje lenge etter miste Lerum Pepsi-tappinga.

Lerum satsar på Kaupangerskogen

Med sterk støtte frå SND vart eit nytt stort produksjonanlegg for drikke teke i bruk på Kaupangerskogen i 1995. Fabrikken i Fjøra vart modernisert i 1997. I 2003 er Lerums industriverksemd delt mellom selskapa Lerum Fabrikker AS og Lerum Konserves AS.

Lerum Frakt

Lerum-konsernet stod lenge for transport av produkta sine sjølv, men i 2008 vart dette sett ut til eit selskap som heiter Lerum Frakt BA. Dette selskapet er eigd av åtte transportørar, som til saman disponerer 15 vogntog. Den største av desse er Standnes Transport AS, som eig åtte vogntog.

Tredje generasjon Lerum

I dag er Lerums industriverksemd delt mellom selskapa Lerum Fabrikker AS og Lerum Konserves AS. I 2006 overtok tredje generasjon Lerum med Gro Lerum Bondevik (f. 1965), Bente Lerum Lund (f. 1969) , Trine Lerum Hjellhaug (f. 1975), Kurt Lerum (f. 1959) og Grethe Kristin Lerum (f. 1971) styringa i det familieeigde konsernet. Sidan 2008 har Trine Lerum Hjellhaug vore konsernsjef.

Ein av bilane til Standnes Transport. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av bilane til Standnes Transport. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2010